Dyrkolbotn

Dyrkolbotn
Haust i Dyrkolbotn

onsdag 28. desember 2016

Kongens Nei

Forfattar: Otto Dyrkolbotn

8. juli 1940 sa kongen nei til å abdisera. Kravet om at han skulle gå av som konge og gje landet over til tysk styre kom frå samrøystes vedtak i stortinget sitt presidentskap med tilslutnad frå fleirtalet i resten av stortinget.

Stortinget og presidentskapet var under press frå tyskarane. Likevel er dette utruleg ynkeleg framferd frå våre leiande politikarar som det i ettertid har vore tala lite om. Men det kvalifiserer til merkelappen landssvik, som vi burde kunna læra noko av då landet skulle byggjast opp att etter krigen. Det vart rett nok vurdert om det burde reisast riksrettsak mot dei ansvarlege. Men det vart ikkje gjort med mellom anna denne grunngjevinga frå høgreleiaren CJ Hambro som var vald til stortingspresident før krigen, men som var i England under krigen og dreiv motstandsarbeid derifrå:

"De gjorde vel så godt de kunne. Deri ligger både deres unnskyldning og deres dom!"

Etter dette vart det i høve til folk flest i stor mon lagt lok på denne ynkelege framferda. I ettertid har saka stort sett vore framstilt som at kongen sa nei til tyskarane, ikkje at dette i røynda var eit klart nei til krav frå våre fremste politiske leiarar.

Men det fanst unnatak frå denne stakkarsdomen. Eitt parti – og berre eitt – sa samrøystes nei til å krevja at kongen skulle avsetjast. Det var Krf med strilen Nils Lavik som leiar og der dei fleste veljarane også var strilar. Litt merkeleg dette fordi far til Nils Lavik, som vart stortingsmann for Venstre i 1898, var republikanar. Men for Nils Lavik og flokken hans var omsynet til demokratiet avgjerande.Både i grunnlova og i Noreg ved val i 1905 var det sagt at Noreg skulle vera eit monarki. Ingen, korkje tyskarar eller ynkelege politikarar skulle kunna setja det folket hadde sagt til sides med mindre det vart gjennomført ei grunnlovsendring. Og det ville i tilfelle krevja ei omfattande saksførehaving over minst to stortingsperiodar med mellomliggjande val. Det var sjølvsagt umogleg å gjennomføra på denne tida.

Det finst mengdevis av slike døme på ynkeleg framferd frå leiarane våre, særleg den fyrste delen av krigen. 24. april 1940 vart det til dømes rykt inn annonse i avisene i Trøndelag med oppmoding om at folk måtte melda seg til teneste for tyskarane for å byggja flyplass på Værnes. Annonsen var underskriven av mellom anna Johan Cappelen som vart justisminister i Gerhardsen si samlingsregjering etter krigen og av Ivar Skjaanes som vart fylkesmann.Og dette var på eit tidspunkt då det enno var krig i Nord Noreg. Jau då, stor krigsinnsats – til støtte for tyskarane. Omlag det same skjedde på Fornebu flyplass ved Oslo der mellom anna rådmann Hartmann i Oslo, etter krigen finansminister i Gerhardsen regjeringa, spela ei særs tvilsam rolle.

21. desember 1940 vart kommunane i Noreg fjerna som folkevalde organ med politisk makt. I staden vart kommunane gjorde til organ for Quisling og hans folk med ordførarar som vart utpeika av nazimakta og ikkje lenger skulle veljast. Kommunane skulle vera robuste og sterke utan folkevald styring og kontroll. Og statsmaktene frå før krigen fylgde med på denne ferda. Alle fylkesmennene våre med to unntak var med på dette og hjelpte til med omskipinga av heradstinga som det heitte den gongen. Førarar med forstand på slikt skulle styra i lokalsamfunna.

Den nye kommuneskipnaden vart den mest velukka nyordninga sett frå nazistane si side som vart gjennomført under krigen. Svært få i maktposisjon av dei som vart leiarar etter krigen hadde noko nemnande å seia mot dette. Motstanden mot slik øydelegging av samfunnsinstitusjonane kom i det meste frå såkalla vanlege folk, ikkje minst på strilelandet. Det synte seg klårast mot slutten av krigen då våre lokale motstandsfolk tok sterkt til motmæle mot sentrale einskildpersonar og politiske organ som ville føra deler av denne tankegangen vidare etter krigen også.

Det kom til å kosta motstandsfolka dyrt. Og ikkje berre leiarane mellom dei, men også hjelparane som kan henda ikkje var så opptekne av overordna politiske spørsmål, slike som Sigfred Askeland og Birger Myhr og mange fleire som fekk røyna på kroppen gjennom arrestasjon og tortur kva det kosta å setja seg opp mot nazimakta.

Sume eldre veit vel enno kven desse var. Men dei fleste i denne gruppa er gløymde. Maktapparatet la lok på deira soge. Kor mange veit vel i dag til dømes om Mons Bjørge frå Eknes og kva han dreiv på med under krigen?

Her vil eg trekkja fram sume av dei som også under krigen arbeidde med overordna politiske spørsmål ut frå den tankegangen at vi ikkje etter frigjeringa frå naziveldet måtte draga med oss element frå myrketida over i ei ny tid med Noreg som ein fri stat og med eit levande og sterkt demokrati. Dette er såleis ikkje fyrst og fremst ei soge frå krigen. Det er ei soge til å læra av i vår tid, ikkje minst når det skal formast nærare ut kva kva slags praktiske ordningar vi skal ha når kommunereformen skal setjast ut i livet.

Eg gjev namn på sume av dei som i skriftleg form alt under krigen sa frå om kva eit demokratisk kommunesystem måte innebera: Olav Brakvatne, Magne Haukøy, Torolv Solheim, Otto Holmås, Anders Otterstad og Ola Tveiten.

Vi bør også merka oss at vi hadde ein konge som såg farane ved eit nazistisk system som våre politiske leiarar ikkje var i stand til å ta inn over seg. Eit slikt monarki i samspel med såkalla vanlege folk i eit reelt lokaldemokrati kan framleis visa seg å vera eit viktig vern mot vitlause maktmenneske.