Dyrkolbotn

Dyrkolbotn
Haust i Dyrkolbotn

tirsdag 3. januar 2017

Otto Dyrkolbotn og bloggen hans - 1

Otto Jarl Dyrkolbotn er sauebonde på fjellgarden Dyrkolbotn i Romarheim skolekrins, Lindås kommune i Nordhordland. Fødd 1940. Han har budd på garden det meste av si tid, men har til tider hatt attåtarbeid som anleggsarbeidar, jurist og pedagog. Han er kjent som samfunnsdebattant, og skriv om bygdepolitikk, eigedomsrett, ressursbruk, krigshistorie og mangt anna.

Han skriv om ålmenne problemstillingar, også av global interesse. Men han tek gjerne utgangspunkt i sitt eige lokalsamfunn, som tidlegare var eit svært aktivt og vitalt samfunn der folket utnytta sine eigne ressursar slik at dei kunne leve rimeleg bra sjølv om gardane deira var små og lite å rekna på som tradisjonelt jordbruk. No har dei mista alt - blitt fråtekne -  ressursane sine, også mineral som singel og sand som var dei viktigaste for dette samfunnet. Tradisjonelt jordbruk vart også gjort vanskelegare, ma gjennom lov og regelverk. Grendesamfunnet fall i armod. For 100 år sidan var her til dømes nærmare 50 gardsbruk. I dag er her eitt - 1 - att.
Otto drøftar korleis slikt kan skje, her og i resten av verda, og kva konsekvensane vert. Han reiser også spørsmålet: Kva kan gjerast, og han fortel om freistnader på å snu, eller i det minste bremsa på utviklinga.

Han skriv for det meste kortare artiklar som gjerne kan lesast kvar for seg, men som sett i samanheng vonleg kan gje eit heilskapleg bilete av utviklinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar