Dyrkolbotn

Dyrkolbotn
Haust i Dyrkolbotn

tirsdag 18. april 2017

Biblioteket som aktiv folkeopplysar

Av Otto Dyrkolbotn


Biblioteka er pålagt oppgåver som organ for folkeopplysning. Ei av oppgåvene har vore å skipa folkemøte eller seminar om ulike samfunnstilhøve, til dømes føredrag om historiske emne. Eg har vore til stades på nokre av desse tilskipingane og har sett på programmet for fleire andre både for biblioteka i Nordhordland og i Bergensområdet. Framifrå tiltak!

Eg har likevel nokre merknader.

Det er stor stas å høyra føredrag som minner om det du har høyrt før, berre noko utvida og med meir kunnskap enn det den gamle læraren la fram for snart 70 år sidan. Sume av skulemeistrane frå den tid var ypparlege sogeforteljarar, og ikkje minst lærar og skoleinspektør Halvorsen på Romarheim. Føredraget vart dermed ei stor oppleving, nostalgisk kan henda, men også med nye moment til ettertanke.

Men nyare resultat frå forskinga vart det tala mindre om, og så godt som inkje om det ved denne forskinga som det ikkje er semje om og som kan vera nokså kontroversielt. Det er ikkje nok for oss gamlingar å lata att augo og drøyma oss 70 år attende i tida og høyra susen frå elevflokken når Halvorsen la ut om korleis Harald Hårfagre samla landet og om korleis seinare kongar førde kristendommen hit.

Vi tåler no å høyra om det som ikkje var så endeframt, men heller vrangt og vanskeleg og kan henda heller ikkje alltid å vera så svært stolt av.

Torgrim Titlestad er ein av dei nyare forskarane som set spørjeteikn ved den vanlege framstelling av historien. Kvifor ville Olav den heilage – Olav Digre – eigenleg innføra kristendommen? Var det fordi dette ville styrkja kongemakta og vera med å kua opprørske bønder meir enn omsynet til religionen? Frå Harald Hårfagre si tid og frametter var dei norske kongane og deira folk blitt kjende med det føydale samfunnsynet. Det innebar at ein la til grunn at Gud hadde all makt og såleis åtte alt. Gud delegerte så eigedom til kongen som delegerte vidare til sine øvste medarbeidarar eller adelsmenn som så delegerte endå vidare nedover i samfunnshirarkiet. I slike føydale samfunn vart det då ingen ting att til bøndene og dei som stod lågast på rangstigen. Men dei kunne kuast med våpenmakt, som i stor mon vart finansiert ved avgifter som bøndene måtte betala til kongemakta, eller dei fysisk vart ein del av kongen si hærmakt som kunne svara for forsvar og særleg i dei tidlegaste tidene nyttast som hærfolk på plyndringstokt.  

Ut frå den føydale måten å tenkja på var slikt rett og rimeleg og i samsvar med kristendommen. Det var det meste anna som kongen kunne finna på også, til dømes gjera ende på dei institusjonane i samfunnet som var bygde opp tidlegare, som det norske tingsystemet med dei fremste bøndene sjølve som domarar, leidangssystemet, odelsordningane som gjorde at slekta kunne bli sitjande med garden når eigaren døydde og dermed ikkje så lett kunne overførast til andre, og andre liknande element i det samfunnsystemet som no held på å utvikla seg.

Høvdingane som rådde over landet før kongemakta brukte ulike former for gåver for å knyta til seg bøndene i sitt område. Det var på den måten dei samla folket om seg og sikra seg støtte også i ufredstider. Det var ikkje med makt og våpenbruk legitimert gjennom religionen, dvs kristendommen. 

Dei norske kongane måtte gje opp freistnaden på å bryta ned samfunnsordninga frå hovdingtida. Gjennombrotet kom med Håkon den gode som ligg gravlagt på Seim i Nordhordland. Håkon måtte godta tingsystemet som grunnleggjande samfunnsinstitusjon og han bygde vidare på andre eldre institusjonar og reglar frå eldre tid. Mest kjent er leidangsordninga. Han godtok også ordninga med sterk eigedomsrett og dermed maktstilling til bøndene, men og til leiglendingar og frigjevne trælar. 

Torgrim Titlestad legg størst vekt på tingsystemet som førelaupar for utvikling seinare, som m.a var med å gjera Noreg til truleg det best utvikla demokratiet i Europa då grunnlova vart til i 1814. Men truleg var eigedomsretten til småfolk i Noreg ein viktigare faktor. Tingsystemet var heller ei fylgje av denne retten, enn omvendt. 

Håkon den gode var oppfostra i England hos kong Adelstein som var barnebarnet til den engelske kong Alfred som levde på Harald Hårfagres tid. Alfred var føydal konge. Men han samla støtte i folket ved å gje folket gåver. Det skjedde m.a ved at bøndene fekk jord til eigedom i byane som Alfred bygde ut rundt om i riket, visstnok for å få støtte i kampen mot fiendar, til dømes mot vikingane. (Danskar helst!)

Det er godt tenkjeleg at Håkon hadde med seg tankar frå England som gjorde at han ikkje var så særskilt vrang å ha med å gjera når nordmennene ville halda på tingsystemet og dei gamle samfunnsordningane!

Kong Alfred fekk elles tilnamnet den Store. Han dukkar ofte opp i drøftingane om samfunnsordningane i England seinare. Men samanhengen og likskapen med det som skjedde i Noreg kan eg ikkje sjå har vore drøfta, og heller ikkje mykje drøfta uavhengig av Alfred den store korleis den norske formen for eigedomsrett utvikla seg fram mot vår tid og kva dette fekk å seia for det samfunnet vi har i dag.

Når fyrst biblioteka tek på seg rolla som folkeopplysar og sogeforteljarar, bør også slike spørsmål setjast på dagsorden. 

Strilesoga

Biblioteka i Nordhordland har planlagt ei rekkje førelesingar om strilane si soge. Førelesningane tek utgangspunkt i verket om strilesoga utgjevne i fleire bind på slutten av 1990 talet. Det betyr at nyare forskning ikkje vert særleg vektlagt og kontroversielle spørsmål lite drøfta. Torgrim Titlestad hevdar til dømes at det norske tingsystemet har vore mykje viktigare for å forstå utviklinga av demokratiet i Noreg enn tidlegara pårekna. Eit anna spørsmål som langt frå er gjevi noko skikkeleg svar på er kva den norske formen for eigedomsrett og kontroll med ressursane har hatt å seia for denne utviklinga i Noreg, og korleis tilhøvet er mellom vår eigedomsrett og den føydale formen for eigdeomsrett som ein finn elles i Europa.

Vonleg vert slike og andre spørsmål som kan vera kontroversielle, men interessante og viktige tekne opp og drøfta både i føredraga på biblioteka og i andre media.

Dette er viktig også for å forstå samfunnet slik det ser ut i dag og stoda elles i verda.

I det føydale eigedomssystemet er utgangspunktet som jamnast at Gud eig alt og råder over alt. Han delegerer eigedomsretten og andre maktmiddel til kongen, som så delegerer noko av dette nedover til sine undersåttar. Desse delegerer vidare nedover i systemet,.Det blir ingen ting att til bønder og fattige.

Det blir då i samsvar med Guds ordning at kongen og hans folk om turvande kan bruka våpenmakt og tvinga dei som står nede på rangstigen til lydnad mot seg.

Det norske eigedomssynet tek utgangspunkt i at bøndene eig og forvaltar jorda si. Hovdingane bygde ikkje makta si i hovudsak på vald og våpenmakt. I utgangspunktet var systemet med gåver ein viktig reiskap for å knyta folket til seg. Ut frå dette vaks det fram institusjonar som det norske tingsystemet der bøndene sjølv var domarar, leidangsystemet og andre ordningar som gav  både bønder og leiglendingar og frigjevne trælar ein maktstilling som var ukjent i alle andre land i Europa.  

Kongane våre prøvde å bryta ned den norske formen for eigedomsrett. Dei lukkast ikkje. Det var kong Håkon - den gode - som fyrst greide å samordna på eit vis norsk og føydal eigedomsrett. Sjølvsagt har samfunnet vårt utvikla seg og endra seg ein god del over tid. Men denne eigedomsretten og vidareutviklinga av ordningar som leidangsystemet og andre ordningar som utvikla seg med utgangspunkt i dette synet, har vore eit viktig grunnlag for utviklinga av vårt samfunnsystem og demokrati.  Men no røyner det på.

Det føydale systemet har vore grunnleggjande for at den såkalla siviliserte verda, fyrst Europa og seinare  Amerika, kunne leggja under seg og plyndra ut resten av verda. For dette stogga ikkje med kongar og kyrkje. Etter kvart overtok staten og mange stader dei reine despotar og rike borgarar den maktstillingen som dette synet hadde gjeve kongen og andre former for herskarar. Og førestillingen om at dette var Guds ordning for samfunnet fylgde i lang tid med på ferda. Det kunne legitimera og rettferdiggjera utplyndring og fornedring  anten ein var religiøs eller ikkje. 
 Maktapparatet  kunne fornedra, gjera til slavar og om turvande slå i hel folk som stod i vegen, for denne ordningen var frå Gud sjølv og vart dermed jamnast sett på som rett og riktig sjølv om Gud etter kvart vart meir eller mindre avskaffa. Slå dem ned som gale hunde, sa sjølv Luther om opprørske bønder.

Førestillinga om at bønder og fattigfolk ikkje har eigedomsrett, i alle fall ikkje til ressursar i utmarka, fører i dag til at dei vert fråtekne ressursane sine der dei held til. Dei får jamt inga betaling for verdien av desse rettane, ingen del av verdien av dei. Det gjeld også når norske selskap som Hydro, Statoil, John Fredriksen, pensjonsfondet og andre dugelege norske investorar tek over ressursane deira.  Dei får i beste fall litt godtgjerdsle for det beitet dei mister eller det vesle arealet dei nyttar til rotvekstar og liknande for å halda oppe livet. Det gjeld også i Noreg når bøndene får 200 kr for ei høgspentmast eller nokre få kr pr m2 for tomteareal eller ned mot 1/100 (1 % ) av verdien av fossefallet når stat og styresmakter har funne på eit eller anna som hindrar bonden i å utnytta ressursen til slikt sjølv, når andre tek frå dei eigedomsretten.

Føredraga som biblioteka skipar til har vore mest utruleg godt vitja av publikum. Dei – og andre – fortener å få vita litt meir om dei tilhøva som det står lite eller inkje om i Strilesoga og lite i andre sogebøker og.

Dei bør også få vita noko om korleis slikt kan bera til, kva verknaden vert for samfunnet her og elles i verda og kan henda også litt om kva som kan gjerast med det.

Nedanfor viser eg til ei liste med litteratur som kan hjelpa litt på dette, denne gongen med særleg vekt på eigedomsretten og tingsystemet.


1. Strilesoga, i alt 5 bind utgjevne på 1990 talet
2. Torgrim Titlestad: Vikingetid, Saga Bok, 2016
3. Norsk Historie Samlaget sitt historieverk jf her særleg band 2 v/ Ersland og Sandvik,
    3. opplaget 2008. Sjå særleg oppsummeringskapitlet Eit rike tek form s. 242 og
    fylgjande, ikkje minst s. 247.
    Merknad: Geir Asle Ersland er no tilsett som såkalla UNESCO professor og vil truleg få     
    med strilelandet å gjera meir direkte i framtida gjennom det planlagde såkalla 
    biosfæreområdet.
4. Samuel Laing: Journal of  A  Recidence in Norway, 1834 – 1836. Nyopptrykk London
    2015, fyrste gong utgjevi i 1837.
    Dette er ein makalaus hyllest til Noreg og utviklinga av det norske demokratiet og 
    samfunnsordningane den fyrste tida etter 1814. Boka er svært morosam å lesa, også 
    ved den konkrete ordbruken. Frydefullt! Litt gamaldags engelsk. Men les i alle høve 
    innleiinga og avslutningskapitlet. Då vil du tvillaust få hug til å lesa meir også!
5. Sjur K Dyrkolbotn: On the Legitimacy of Economic Development Takings, Durham 2015
    Avhandling lagt ut på internett.
    Avhandlinga drøfter norsk eigedomsrett sett i høve til einskilde oreigningsspørsmål.
    Nokre døme frå Nordhordland også. Han tek ikkje opp kvar synet på eigedomsretten  
    kjem frå eller korleis det har utvikla seg. Nokon bør skriva ei doktoravhandling om den 
    soga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar